|
Korleis er egentlig "reglane" her? Har den vaksne rett på å stjele bein og leiker frå kvalpen? Eller bør me bryte inn å hindre dette? Veit ikkje heilt om eg skal bry meg med det eller ikkje. Anja, som er den vaksne hunden, vil helst ha alle tyggebein for seg sjølv, men i kortarte perioder får Junah, som er kvalpen, ligge å tygge, medan Anja tygg på sitt eige. Junah prøvar seg med å ta tilbake frå Anja, men dette endar alltid i opprør frå Anja si side.. Det eg gjer når den vaksne stjel frå kvalpen, er rett og slett å gje kvalpen beinet som den vaksne holdt på med. Er dette en grei deal i hundeverden? Anja likar generellt ikkje å dele noko som helst, men leiker kan ho dele med kvalpen, men ikkje andre hundar. Vart litt rotete dette, men håpar de forstårlikevel! :)
|