|
Tispa mi, Anja (Beagle/samojed/flatcoated), fyller 3 år om tre månadar. Som kvalp vart ho godt sosialisert med alle typar hundar, folk og miljø. Ho vaks etterkvart opp til å vere ein trygg hund. Me har ei tre faste hundevennar som me brukar å leike saman med. Dette har aldri vore noko problem. Det var heller ikkje noko problem den gangen me introduserte dei saman og ho hadde ingen problem med framande hundar!
Det siste året har derimot den hundeglade hunden min slått om når det gjeld andre hundar. Før var det ikkje noko problem for henne å helse på andre hundar i band (har ikkje turt å berre sleppe ho saman med framande..). Nå er dette heilt håplaust. Det som skjer er følgande: Me er til dømes ute å går tur, og møter ein framand hund, med ein eigar som vil dei skal helse. Hunden min er veldig ivrig, logrer med halen, og vil bort. Den andre hunden er også ivrig, og vil hilse. Dei snuser på kvarandre, og så "smell" det. Hunden min glefsar og gøyr, og eg må trekke ho unna den andre hunden, som ofte blir redd, eller sint/usikker tilbake. Eit anna døme arta seg litt annleis: Me var tre med kvar vår hund. Eine hunden var Anja kjent med frå før, den andre var ei Schæfer tispe på 8 mnd. Anja byrja glefsing og gøying, og eg trakk ho tilbake, og roa ho ned. Etter litt fram og tilbake var plutselig alt greit og alle tre kunne springe lause saman i hagen. Eg forstår ikkje heilt korleis dette fungerar.... Kva gjer eg feil, og korleis kan eg håndtere dette? Takkar for alle råd og tips, føler eg må ha gjort noko feil sidan ho brått har vorte så annleis...
|