|
Til advarsel blir denne tråden berre syting.. Anja, eldste hunden min på snart 3 år, er på slutten av si 4. løpetid. Det siste året har eg merka ho har fått meir anstrengt forhold til hundar (dvs. snuse på dei, for deretter å klikke på dei). I løpetida prøvar eg å unngå kontakt med andre framande hundar, for då virkar det som ho virkelig får eit anstrengt forhold. I dag var me ute å gjekk, det er fint ver, og mykje folk er ute å går. Fyrste hund me møtte var ein ung hann hund som ho kjenner frå før. Eg tenkte ikkje så mykje over dette med at ho var i siste slutt av løpetid, og hundane fekk helse. Anja snusa på, og han snusa på, men så snart han snusa bak vart ho sint og sa klart og tydeleg frå. Dette må vel vere greit tenkte eg, og kom på at ho må vere hormonell og i ubalanse etter løpetida og angra litt på at eg lot hundane helse i det heile. Så gjekk me vidare og der kjem ein diger golden hannhund dragande med eigarane på slep og kjem heilt bort i Anja. Då klikkar ho så godt som momentant på han....... Eg kunne ikkje gjere anna enn å komme meg vidare å vekk frå desse. Så, litt seinare på dagen, skulle eg ut med hundane igjen. Eg hadde lagt igjen bandet til Anja ut på altanen, og går ut for å hente dette. Før eg får sukk for meg har Anja komt seg ut, og sett strak kurs opp til nokon folk på tur med ei ung schæfer tispe. Denne ryk sjølvsagt Anja på, og folka må skilje dei to hundane, og Anja er då i sin tredje krangel denne dagen... Eg legg meg sjølvsagt flat for eigarane og beklagar på det sterkaste.. Dei fortel at deira tispe er også i løpetid (om dette kan vere ein grunn til at dei flaug saman). Eg kjenner eg blir frustrert over både meg sjølv og hunden.... I tilegg til alle desse hendingane går Anja ut å prøver å stjele vafler. Mor mi skubbar ho forsiktig vekk, og Anja glefser og bit etter ho så ho får svakt bitemerke i låret....
Dette vart berre mi klaging på ein forferdeleg dårleg dag for oss. Eg føler eg kunne trengt eit godt kurs i hundeatferd, så eg kanskje kunne forstått litt meir av kva som foregjekk opp i hovudet hennar.. Og ikkje minst at eg hadde følt meg litt meir vis i korleis eg skulle håndtere dette.. Kan eg unnskylde all denne adferden med ei serie uheldige hendelsar og hormon som løper løpsk..?
|