|
Veit ikkje heilt kvar eg skulle legge dette, men passer kanskje inn her i kvardagslydigheit. Advarer mot litt langt og sikkert rotete innlegg, men vert veldig takknemmeleg for svar! :)
Eg har to hunder, som er ganske bortkjemte, desverre. Ein kvit gjeterhund på 19 mnd, og ein blandingshund på 3 år. Dei er kjekke og greie hunder, men dei er vand med å vere midtpungtet og babyene. Sidan eg var fast bestemt på att eg aldri skulle ha unger, har ikkje dette vert noko problem, men no er eg straks 5 mnd på veg. Det var absolutt ikkje planlagt, og eg fant det ikkje ut før ganske langt inn i svangerskapet, nokre veker etter eg fant ut at eg var gravid, fant eg og ut att exforloveden gjennom eit par år hadde vert utro, eg og hundene, der den kvite gjeterhunden var vår felles hund, har budd hjå foreldra mine etter dette. Pga alt som har skjedd på denne tida, og sidan det har vert ei ganske tung tid har treninga med hundane blitt nedproritert. Hundene, då spesielt blandingen på 3 år blir dulla so ekstremt opp av mor mi og, og ja, han er sjalu når dei andre hundene får oppmerksomheit, han er sjefen ( er fire hunder i huset her no pga foreldra mine og har to.) han er berre voldsomt bortkjemt, og eg ser det veldig godt no når eg bekymrer meg for korleis det vert med hundane og babyen.
Heldigvis elsker hundene ungar. Dei er godt vand med ungar, då eg har ein del nevøar som ofte er her og leiker å herjer med hundane. Dei ville aldri gjort dei noko vondt, og finn seg i alt. Den kvite gjeterhunden er litt voldsom i leik, han er stor til å vere denne rasen i følge dyrlegen, veg ca 40 kg, men er slank og pen, han er berre høg osv. Men han er tross alt berre unghunden endå. Det eg meiner med voldsom er att han ikkje heilt ser seg for kor han springer, og ein sjeldan gong spring han å ungane rett på kverandre (når dei spring etter fortball å liknande) og dei flyg jo sidan han er so stor og kjem i ein so stor fart. Trur ikkje han er heilt klar over sin eigen str heller. Blandingshunden er mykje rolegare, men han er litt sjef over dei andre hundane, då spesielt denne gjeterhunden. Når dei får mat vil ikkje blandingen ete maten, men berre vokter den osv. Ikkje for mennesker, men for dei andre hundane. Dei pleier å ete i kver sitt rom då gjeterhunden vart så redd blandingen under fôringa. Ingen av dei er aggrisive på folk/unger rundt maten, me kan gjere kva me vil utan respons frå dei slik sett. Eg syns det ofte virker som blandingen prøver å roe ned gjeterhunden i dei fleste situvasjonar, men att det kanskje får litt motsatt virkning.
No ser det ut som eg å hundane flytter i ein passe stor leiligheit for oss sjøl ganske snart. Eg vil komme litt på plass før den lille kjem. Då tenker eg att det kan vere lurt å lære inn nokre regler for hundene med eingong me flytter inn? Tenker då på att dei kanskje får begyner å få mat i kver sitt bur, slik att dei har sin faste plass, og ikkje ser kverandre under fôringa. Er redd babyen på sikt kan komme mellom dei, og sjølv om dei ikkje gjer folk eller ungar noko under fôring(eller ellers) kan det jo fort skje eit uhell. Dei skal vell kanskje og ha ein plass der dei får vere i fred, kan gå å legge seg utan att me forstyrrar dei? Er vell kanskje veldig viktig når det kjem baby i hus att dei og får sin friplass? Dei har ikkje hatt noko slikt her, dei har hundesenger, men ingen "friplass". Dei er og vand til å få vere i sofa her heime, men hjå exforloveden sine foreldre fekk dei ikkje vere i sofaen, det slo dei seg fint til ro med. Kva andre regler kan vere greitt og innføre? Nokon som har nokre ideer? Vil ha alt klart før eg flytter, slik at eg kan sette inn reglane med eingong, er vell litt enklere for dei å forholde seg til nye regler på ny plass, enn nye regler på ein plass dei alt er vand med å få gjere akuratt som dei vil? Vil ikkje kvitte med med dei, dei er jo tross alt familiemedlem dei og. Og dei er jo so glad i unger, eg er berre ein smule bekymra for om blandingen vert sjalu når eg får ny baby, men det faller kanskje naturleg for dei og?
Håper nokon kan komme med nokon gode tips til reglar og liknande eg burde innføre for to bortkjemte hundar når det kjem baby i hus..
|