|
Har de tenkt å køyre via Bergen? Isåfall er Skei i Jølster ein nydeleg stad! Skei er knutepunktet mellom alle dei store byane på Vestlandet, og du må køyre gjennom der, med mindre du vil ta ein stor omveg frå Bergen til Ålesund for å seie det slik. Altså, Skei ligg ved E39 :)
Er vokst opp der sjøl, og det er også søskena mine, mamma, besta og alle i fleire generasjonar tilbake. Det er rett og slett nydeleg her. Veldig trygt og fint for born, og hundar kan springe laust om du passar på dei litt ekstra godt (er ein del sau og kyr her, men dei er vandt med hundar, dei fleste av dei iallefall). Viss de skal ta dykk ein fjelltur i samme slengen, kan eg anbefale Fossheimsstøylen Indre. Enkel og grei å gå, både for store og små to- og firbeinte.
Der er også ein fin Essostasjon som lagar kjempegod mat, og vi har også Audhild Viken´s vevestove (orginalen), om du har hørt om det. Der lagar dei også veldig god mat :) Ellers kan dåkke ta dåkke ein tur til Stardalen (ein dal som ligg ved foten av Jostedalsbreen). Der ligg ein sommarkafé kor EG har sommarjobb, hehe, og vi lagar kjeeeempegod heimelaga mat, spesielt på søndagar :)
Her er også gode overnattingsmogelegheiter. Skei ligg også berre ca 3 timar frå Ålesund, om du lurte...
Berre sjå HER kor fint det er på Skei! :):)
(Moderator: blir det her innlegget rekna som reklamering sia ho/han spurte om tips til stoppested?)
|