|
Sissi slutta for nokon veker sidan å gå på eine bakfoten sin. Me drog til dyrlegen med henne, og ho konstanterte at det ville kome seg med litt kvile. Nå har det gått litt over ei veke sidan dette, og foten har ikkje vist betring i det heile. I kveld er foten veldig hoven, og varm. I morga er ikkje dyrlegen på jobb her i distriktet..... Så nå lurer me på om dette er noko som kan vente til torsdag, eller bør det sjekkast med ein einaste gang igjen? Nokon som har erfaring med liknande? Eller har tips til kva me kan gjere i dyrlegeventetida? Me finn ikkje noko sår eller noko på foten, og kan ikkje sjå tilbake til noko hendelse som det kan ha skjedd gjennom. Men mykje kan jo skje medan me ikkje er tilstades. Ho et maten sin, men i dag sjanglar ho litt. Det er typisk for oss at slike forverringar skjer mot helg eller dagar dyrlegen ikkje skal på arbeid...
|