|
Eller, egentlig er det ikkje hund nr. 2 i vår familie. Men det har seg slik at min svigerfamilie (som bur like ved, og me tilbringer ein del tid sammen med) har ein Jack Russel Terrier (hann) på 2 år. Og me vurderer sterkt å kjøpe oss ein hund. Me er forberedt på at det kan bli vanskelig å få dei til å gå overens, men vi vil jo sjølvsagt at det skal gå så bra som mulig!
Derfor mottek me med glede tips til korleis ein skal gå fram når me får den lille kvalpen i hus, og me skal få besøk/skal på besøk til denne JRT..! Og korleis me skal gjere det i tida framover.
Rasen me vil ha heiter Tsvetnaya Bolonka. Ein relativt "sjelden" rase i Norge, pga at rasen er så ung.
|