|
Hei! Vi har akkurat oppdaga at den kvite tispa i kullet har nokre harde klumpar bak på heile bakparten. Ho er 2,5 veker gammal og yngst av fire søsken. Mora vil sleike på bakparten hennar, og det ser ut til at det væskar litt, altså det er infeksjon. Det lignar på småskorper. Litt vanskeleg å beskrive.. Hud som væskar og størknar kanskje? Det ser og ut til at ho får vondt når vi trykker på det. Ho skjelver også litt og piper.
Har kontakta veterinær, men dei kan ikkje gjere noko med det før i morgon.
Huff så mykje styr det skulle vere med desse kvalpane våre...:/
Er det nokon som har opplevd liknande?
|