gracie:
Positivt med å ha hund i byen vs positivt med å ha hund på bygda????? Noen tanker?:) Tenker også spes. med sosialisering og miljøtrening.......men alt kan taes opp her Knock yourselfs out:):):)
Eg har skikkelige bygdehundar, men dei er ikkje mindre sosialisert og miljøtrent av den grunn. Eg bur i ei bygd der det er langt mellom husa, og ein kan telle antal hundar i bygda på ei hand. Om ein reknar med nabobygda kan ein kanskje få i bruk to hender. Det postivite med bygd synes eg er store områder til springing og herjing når det ikkje er bandtvang, møte med dei fleste gårdsdyr, fjell og skog er på ein måte nærare, og det er eit roligare og avslappa miljø. (Eg seier ikkje at ein ikkje kan få det slik i somme delar av by). Den store fordelen er at du kan reise til by og sosialisere, men reise heim når du får nok. (No er eg absolutt ikkje eit bymenneske, derfor eg er så negativ) Når det er sagt så trur eg at ein hund ven til seg staden den må bu, om det er by eller bygd. Sjølvsagt møter du kanskje ikkje så mykje folk, hundar og forskjellige situasjonar som kanskje burde vert trent på ofte, men du reiser jo som regel til ein større stad å handlar ein gong i blant, og då får du jo slik trening likevel. Eg personleg meinar dei har det best, slik som oss mennesker, ute på bygda med frisk luft, naturleg underlag og nærkontakt med naturen! :)
|