|
Eg blir stadig meir usikker på språkferdigheitene til hunden min. Ho er så sær at det halve kunne vore nok.
Det hender at vi har besøk av ein liten cocker-gutt her i huset (rettare sagt leiligheita). Ho har tidlegare fått møte og gått tur med han utandørs, på nøytral grunn. Det har gått heilt fint. Første gang han var på besøk, hadde eg den store gleda av å sjå henne leike med ein annan hund for første gang. Etter dette har det midlertid forandra seg. Det går an å ha dei i same rom, men det er ikkje spesielt stas. Ho vil ikkje ha kvalpen for nærme seg, samstundes som ho følger etter han som ein klegg. Her om dagen stod ho og knurra og logra på same tid medan han hoppa lukkeleg rundt henne. Er dyret mitt heilforvirra på det språklege plan? Og kor vanskeleg er det eigentleg å trene opp språkferdigheitene til ein vaksen hund - nokon erfaringar? Ho er omplasseringshund og mellom fem og sju år.
|